Arego
kw:!support_us

Turorientering

O-gruppa arrangerer kvart år STORATRAVEN og LITLATRAVEN. Me har 90 postar ute i terrenget frå medio mars (i år 12.3) til 31.august då hjortejakta startar.

Tur-orientering er eit flott tilbod til deg som vil kombinera friluftsliv med spanande postjakt. Du kan ta postane når du vil og i den rekkefølga du måtte ønska. Tur-orientering er kjekt å gå åleina eller ilag med andre. Ta gjerne med ei nista og god drikka i sekken for ein rast i naturen.

STORATRAVEN (60 postar) har ulik vanskegrad frå lett til utfordrande, men ikkje nødvendigvis vanskelige postplasseringar. Ein må rekna med å bli våt på beina.

Turorientering 2021

STORATRAVEN: I år vil me presentera heilt nytt område i tur-o samanheng då me har fått laga orienteringskart over området frå Kattnakken og nesten heilt sør til Stovegolvet. Dette kartet har fått navnet «Kvelve» (oppstart 1.april), dei andre karta i år er gamle kjenningar som «Stordalen» og «Landåsen». 

I Storddalen har me etter samtalar med grunneigarar og viltnemda i Stord-Fitjar blitt enige om å redusera antal postar i Stordalen med omsyn til eit sentralt kalvingsområde for hjort. Stortraven har difor 49 postar i år. Sjå info her.

LITLATRAVEN: I år har me lagt Litlatraven postane i «Høgskulehagen» og «Nesskogen». Fine områder å bli kjende med.

GPS: Alle postar er oppgjeve med koordinatar for dei som vil ha med seg GPS som eit ekstra hjelpemiddel.

Turorienteringspose med kart og informasjon kostar kr 150 for Storatraven og 100 kr for Litlatraven. Billig moro som gir mosjon for kroppen og toppen.

Her finn du Brukarettleiing tur-o appen

Du får kjøpt turorienteringsposar på følgjande stader:

  • www.turorientering.no, du får karta digitalt ned i smarttelefonen og PC’en din.
  • Sport 1  - på Heiane
  • Deli de Luca (Esso) i Sæ

Me tilbyr “Tur-O på nett” Turorientering på Stord. Du kan registrera dine postplukk på Tur-O sida vår. Hugs å melda frå dersom postar er borte!