Arego
kw:!support_us

Turorientering

O-gruppa arrangerer kvart år STORA-TRAVEN og LITLA-TRAVEN. Me har ca. 90 postar ute i terrenget frå påske til hausten når jakta jagar oss ut av skogen igjen.

Dette er eit flott tilbod til deg som vil kombinera friluftsliv med spanande postjakt. Du kan (ta med deg familien og) dra ut når det måtte passa.

STORATRAVEN (60 postar) har ulik vanskegrad frå lett til utfordrande ,men ikkje nødvendigvis vanskelige postplasseringar. Ein må rekna med å bli våt på beina.

Turorientering 2020:

«Dalskarvatnet», «Digernes» og «Vad»  er områda for Storatraven i år. Storatraven har vore arrangert sidan 1972 og vert arrangert for 49. gong.

LITLATRAVEN (30 postar) har lett vanskegrad på postane . Postane er knytta tett opp mot sti og skogsvegar kor ein greitt kan ta seg fram, men avstikkarar ut i terrenget må ein ta høgde for. Litlatraven passar godt for dei som ikkje har så stor erfaring med orientering , eller for dei som ønskar korte spennande turar i skogen med born med litt «skattejakt»  innvolvert .«Gullberg» og «Hustrudalen» er områda for Litlatraven i år .


Begge turpakkane er eit flott og kjekt tilbod til deg som vil kombinera trim og friluftsliv . Som ei ekstra støtte , for dei som ønsker det, er alle postane oppgjeve med koordinatar for dei som vil ha med seg GPS , eller driva geocatching på ein annan måte .

Turorienteringspose med kart og informasjon kostar kr 150 for Storatraven og 100 kr for Litlatraven . Billig moro som gir mosjon for kroppen og toppen.

Du får kjøpt turorienteringsposar på følgjande stader:

www.turorientering.no

Intersport Heiane

Sport 1  - på Heiane

Deli de Luca (Esso) i Sæ

 

Me tilbyr “Tur-O på nett” Turorientering på Stord

Du kan registrera dine postplukk på Tur-O sida vår!

Hugs å melda frå dersom postar er borte!

 

 

Gratis turorientering - Koronatraven t.o.m. 10.mai

Laste ned kart her:

Ådlandsskogen

Landåsen

Prestegardsskogen