Arego
kw:!support_us

Informasjon om trenarar

Vi har per 7.2.2014 to medlemmar med trenar 1 kurs i orientering. Dette er Linda og Sveinung Rykkje.

I tillegg har klubben fleire med ulike kurs og trenarerfaring.
Les meir om NOF si trenarutdanning: Trenerløypa

Unge trenarar:

Frå 2014 inngår Stord skriftleg trenar-avtale med unge frå 14 år.
Fyll i timeliste og lever til Sveinung Rykkje.

Honorar: Satsar gjeld per gong om ikkje anna er avtala:

14-15 år:

100,-

 Maks 500,- pr år, og inntil 500,- i utstyrsdekning

16-17 år:

150,-

 Maks 1000,- pr år, og inntil 1000,- i utstyrsdekning

18 år+:

200,-

 Maks 6000,- pr år, og inntil 2000,- i utstyrsdekning


Politiattest for idrettslag
I 2009 vedtok Norges Idrettsforbund ( NIF ) at alle som hadde med mindreårige eller menneske med utviklingshemming, skulle framlegga politiattest.

  • Politiattest skal innhentast på alle trenarar/lagleiarar m.fl som trenar mindreårige
  • Ein skal ikkje innhente politiattest på trenarar/lagleiarar under 15 år.
  • Dersom trenaren/lagleiar er under 18 år, skal føresette og skrive under på søknadsskjemaet. 

Politiattesten inneheld kun opplysningar om personen for tida er siktet/tiltalt eller tidligere ilagt forelegg/dømt for brudd på bestemmelser i straffeloven om seksualforbrytelser overfor barn. Idrettslaget har ikkje anledning til å be personen om å innhente politiattest for andre straffbare forhold. Innhenting av politiattest er gratis.

Fyll ut politiattesten, send til o-gruppas ansvarlege, dette er per dato Irinja Almås (sjå Kontakt oss). Både den søknaden gjeld (og ev. foresette) og styrerepresentanten signerer søknaden. Politiattest vert sendt til søkarens adresse. Deretter skal han/ho vise fram politiattesten til o-gruppas ansvarlege. 

Idrettslaget skal ikkje lagre attesten, men kun få den framvist til gjennomsyn.

Desse retningslinene gjeld i Stord IL:

  • Ansvarleg i kvar gruppe lagar ei oversikt på kven som skal levere inn søknad om politiattest
  • Ansvarleg hentar inn søknadsskjema frå sine og leverer dei inn til Arve Havnerås
  • Arve Havnerås leverer desse søknadane inn til Politiet
  • Søknad om politiattest vert returnert til den enkelte trenar/lagleiar
  • Den enkelte i kvar gruppe skal vise sin politiattest til si gruppe, og ansvarleg skal huke av i registeret at søknad er førevist
  • Når registeret er komplett, skal Arve Havnerås ha kopi av lista.