Arego
kw:!support_us

Medlemskontingent og startkontingentar, brikkeleige

Informasjon om o-gruppa pr 11.12.2016

Medlemsskap:

Meld deg inn via "BLI MEDLEM" på denne nettsida (oppe til høgre)

Det er viktig at kasseraren får melding om alle adresseendringar. (Kasserar: sjå Kontakt oss). Vi treng følgjande opplysningar for å registrere deg som medlem: Namn, adr, fødselsdato, tlfnr. og email.

Ein betalar treningsavgift til Orienteringsgruppa men ein må også betale årskontingent til hovedlaget.

Treningsavgift 2016:

  • Medlemmer opp til 17 år kr. 200,-
  • Studentar/skuleungdom kr. 250,.
  • Andre over 17 år kr. 350,.
  • Familiar (born under 20 år) kr.700,-
  • Kontingenten til hovudlaget kjem som eige krav i tillegg

Medlemsfordelar inkluderar: 

  • Startkontingent på løp i Sunnhordland som arr. av Stord
  • Startkontingent på alle nærløp, kretsløp og nasjonale løp (for 2014 dekkes også ferieløp i Norge) 
  • Gratis lån av løparbrikke fyrste sesongen (gjeld alle typar løp)
  • Reise, opphald og startkontingent på satsingsløp og treningssamlingar (det kan verte eigenandel på reiser til utlandet). F.eks KM, DM, HL og OLL, JrNM, NM, helgeløp som Odda 2 dagars osv. Internasjonale løp: Jukola og HOK treningssamling 
  • Deltaking på trening, treningsløp og sosiale aktivitetar. F.eks o-skule, vintertrening og o-troll leir.

Startkontingenten for rankingløp og andre lokale løp:

  • Våre medlemmar betalar ikkje på lokale rankingløp og sprintløp.
  • Brikke for tidtaking kan lånast på løpa men det oppfordres til å kjøpe eigen.

Medlemmar får kjøpe brikke til redusert pris, sjå O-drakt og brikke.


Startkontingent/eigenandel til løp utanom Stord:

Me oppmodar Stord-løparane til å slutta opp om Kretsrankingløpa i Hordaland.

Det vil ikkje bli krevd egenandel/startkontigent ved nasjonale løp utanom Stord i år. (Gjeld også ferieløp i 2016)

Har du ikkje eigen brikke, kan du låne av klubben ved deltaking på løp utanom øya, ta då kontakt på tirsdagsløpet for tildeling av brikke. Ellers dekker du kostnaden med brikkeleige sjølv.

Dersom ein påmeld løpar ikkje stiller opp, utan spesiell grunn, sjukdom o.l. må ho/han betala heile kontingenten sjølv.

Ved etterpåmelding må det betalast eit tillegg til startkontingenten som løparen må betala sjølv.

For ferieløp betalar ein heile startkontingenten sjølv. Ferie­løp vert rekna frå siste løp i Hordaland O-krets før ferien, til første løp etter ferien. (For 2016 gjeld dette kun løp utanfor Norge)

Startkontingent på internasjonale løp: dekkes av løparen sjølv om ikkje anna er avtala. (Studentar/skuleungdom kan søke om støtte til internasjonale løp)

Storleiken på eigendel ved deltaking i større løp/stafettar, vert avgjort for kvart løp. F.eks. Jukola i Finland.

Eigenandel nasjonale meisterskap: Normalt vert reise og opphald dekt. Ta kontakt med styret i forkant av reisa. 

Satsing på unge: alle utgifter ifm HL og OLL vert dekt.

For å letta arbeidet for oppmannen/kasserar, vil det ikkje verta kravd inn eigenandel på reisa, men det vil verta sendt ut krav om innbetaling utover sesongen. På bankgiroen vil det berre stå beløpet som skal betalast, ikkje kva for løp det gjeld. Det får kvar einskild halda orden på for seg sjølv. Kravet vert sendt ut i høve til påmeldingslista.